Etter Haydom

Då tenker eg det var på tide med ei oppdatering om ferda mi. Akkurat no er eg i Stone Town på Zanzibar, på ein internettkafe der.  Frå Haydom reiste eg til Arusha og hadde eit par dagar der, før med satte kurs sørover mot Dar es saalam med buss. Fra Dar tok me baat til Zanzibar neste dag. Der hadde me først nokre dagar i Stone town paa Jambo guesthouse, så satte me kurs nordover og brukte tida til å leve det late livet på nydelige kvite strender i Nungwi.

Stone Town er ein fin by der ein merker godt korleis Zanzibar er ei blanding av austen og Afrika. Trange gater, mykje folk, merkelege lukter og rare lydar, for ikkje å snakke om ein varme som eg aldri har kjent maken til. Nungwi var opprinneleg ein fisker landsby men er vel idag mest ei samling av hoteller for Wazungu (les: turistar) som kjem reisande på besøk, men det er ein fantastisk vakker plass med gode muligheter for all slags utflukter.

Reisefølget har endra seg litt. Simon bestemte seg for å reise heim tidligare og blei derfor ikkje med sørover. Men eg fekk selskap av Nikolai, ein anna medisinstudent frå klassen min i Bergen som også er på villspor i Afrika denne hausten. Med oss til Zanzibar hadde me også lag med Anne Jenny og Anne Mari, to glade jenter frå det blide sørlandet som også jobba som frivillige på Haydom i haust. I Nungwi traff me i tillegg ein gjeng med sjukepleierstudenter, både frå Bergen og Stavanger. Nokre av dei hadde me også truffe før på Haydom når dei hadde praksis der.

No går turen vidare tilbake til Dar idag og så får me sjå litt kva me gjer. Foreløpig er planen vidare til Tanga og så Arusha. Deretter håper me å få reise litt vestover i retning både lake Natron og lake Victoria,  før eg må til Arusha igjen for å nå flyet mitt 9. desember.

Bilder og slikt får ein ta etter kva. Tiing tar gjerne litt tid i Afrika. ;)

Salaam salaam – over og ut frå Zanz

Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s